SE
DK
FI
NO
Navigering: Nyheter

Nyheter

!
Top News
Velkommen til SIMMA - Norge [ Les mer» ]
Terminliste, resultat, rekorder og ranking [ Les mer» ]
jul
30
 

Involvering held på eldre svømmarar

Post created 15:47

Mange riv seg i håret når ein ser det store frafallet av senior-svømmarar i Norge, og det er lansert mange ulike måtar å halde på eldre utøvarar på. Mykje av løysinga ligg i involvering.

USA Today skriv om SwimMac og North Baltimore Aquatic Club, som har oppretta tilbud til utøvarar som er ferdig med høgare utdanning og ønsker å satse på idretten vidare. Ved SwimMac trenar navn rom Ryan Lochte, Cullen Jones og Tyler Clary, ved NBAC Michael Phelps, Conor Dwyer, Yannick Agnel, Allison Schmitt og Lotte Friis.

Situasjonane i USA er sjølvsagt ikkje direkte overførbare. Det er mykje større forhold, mange fleire svømmarar og ein kan holde på utøvarar gjennom eit godt tilrettelagt tilbod under høgare utdanning. Det gjer at å folk til å halde ut med svømming gjennom universitetsutdanning ikkje er noko problem. Å skape store, reine seniormiljø basert på klubbar er kanskje også utopisk - men elitesenteret i Bergen er interessant i så måte.

Men det er ikkje det som er mest interessant med artikkelen, det mest interessante er det som seiast om sjølve treninga som gjerast - og kva som skal halde på interessen til utøvarane over ein viss alder.

"The new challenge of the 24-plus-year-old swimmer is, how do you keep it interesting?" Marsh says. "How do you keep it challenging? How do you respect their need to be their individual selves while still pursuing their swimming ambitions? When you come through high school and college, it's a lot coach-directed. Now, I think with the older swimmers, really, I'm following their lead. They need to bring their motivation and the clarity of what they're trying to get accomplished."


Det er enkelt igrunn. Involvering og samarbeid med svømmaren gir eigarskap. Eigarskap gir motivasjon. 


Det er ein psykologisk dimensjon av å få tilrettelagt ting slik at dei passar deg perfekt, i tillegg til den fysiske - dersom ein tar dei rette vala.


Det er lett å sei - eg vil til NM, EM, VM eller OL eller kva no målet til dei einskilde utøvarane er - men dersom ein forventar at ein trenar skal dra ein dit har ein allerede undregrave sin eigen motivasjon. Det å utfordre utøvarane på kva dei vil, og korleis dei trur dei best kan nå måla sine - og deretter utforme ein plan saman er heilt essensielt for å ta dei fleste utøvarar inn i vaksen alder.


I alle fall forlenga eg svømmekarriera med eit par år etter å ha gjort det, og det har også gjort det lettare å halde det gåande på eit brukbart norsk nivå også etter at toppsatsinga var over i 2011 (om ein ser vekk frå 2014).


No er det viktig å skilje mellom motivert og umotivert involvering. Dersom det er tydelig at utøvarar berre kjem med forslag som innebærer mindre trening bør ein trenar framleis sette foten ned og seie: Slik når du ikkje måla du sjølv har satt opp! Skal du bli best på 1500-meter, kan du ikkje trene som ein 100-metersvømmar. Ein korrelasjon mellom trening og mål er sjølvsagt og nødvendig for at dette skal fungere.


Men er utøvaren i utgangspunktet motivert og ein blir einige om ein plan og utøvaren får inn ein del av det dei ønsker i si eiga trening vil det bli ein positiv spiral - som kan og vil halde utøvarar lenger i svømming. I tillegg til at ein då lettare kan kombinere svømming med andre ting.


Personlig har eg lita tru på at ytterlegare heving av junioralder, endring av konkurransestruktur og anna har noko særlig utslag i den eldste enden av svømmarskalaen. Då er det mykje viktigare å involvere svømmaren.


Dei fleste eldre svømmarar bør, og skal, ikkje dikterast program til på same måten som årgangssvømmarar.

/SES

 

Wales før Commonwealth Games

Post created 15:46
jul
29
 

Henriette Brekke legger opp

Post created 14:56
Henriette Brekke. FOTO: Øyvind Thorsen

Etter ei lengre tenkepause har Henriette Brekke bestemt seg: hennar liv som elitesvømmar er ferdig.


Det skriv ho i eit lengre blogginlegg tirsdag.

"Tanken på å legge opp har vært der en stund, og jeg har derfor tatt en lengre pause for å kjenne på livet utenfor toppidretten - der jeg kan trene når jeg vil, hvordan jeg vil og hva jeg vil!


Svømmingen har - siden jeg kom med på jr landslaget som 13 åring - vært det viktigste og mest betydningsfulle i livet mitt. Jeg ville derfor være sikker på at avgjørelsen jeg nå tar er den riktige for meg!"


Ho trekker fram sitt første senior-NM-gull som 16-åring i Harstad 2004, den norske rekorden på 50 meter fri (24,90 - Rijeka 08) og 4. og 6.plass på 50 og 100 meter bryst i EM kortbane i Chartres 2012 som sportslige karrieremessige høgdepunkt.

Men ta deg tid til å lese blogginnlegget, der skriv ho knakande godt om det andre som følger med det å vere svømmar. Det står at det berre er del en av fire, så her kan de kome mykje lesverdig i tida som kjem.

Henriette er den siste av ei rekke gode -88-modellar som gir seg på toppnivå, etter Katharina Stiberg og Ingvild Snildal. Dette er ein trio som har gitt svømmeinteresserte mange gode stunder, og det blir rart å ikkje sjå Henriette i vatnet under norske og internasjonale mesterskap.

Vi ønsker all hell og lykke med nye utfordringar i tida som kjem.

Bergens Tidende: Henriette Brekke legger opp

jul
25
 

Tre år sidan i dag

Post created 10:00
... At Alexander Dale Oen blei verdensmester i Shanghai - og allemannseige for sin veremåte og haldningar.


 

Verdensrekord av Australia

Post created 1:44
Dei australske stafettjentene på 4x100 meter fri satte ein verdensrekord på første dagen av Commonwealth Games.

3.30,98 sletta verdsrekorden til Nederland frå rekord-VM-et i Roma i 2009.

Splittar:
  • Bronte Campbell – 53.15
  • Mel Schlanger - 52.76
  • Emma McKeon – 52.91
  • Cate Campbell – 52.16


jul
24
 

Commonwealth Games

Post created 13:46
Dei beste utøvarane frå det britiske samvedlet møtast til "mini-OL-et" Commonwealth Games i Glasgow.

I dag starta svømminga - og det er allerede blitt svømt fort i bassenget.

jul
23
 

Svømmeblogger: Russerne er skitne

Post created 22:40


Vel verd å lese Cap And Googles' siste blogg: The Russians Are Dirty

Å single ut russarane som dopingsyndarar er ikkje spesielt vanskelig - eller spesielt uvanlig, men her er det nokon som også tør å ta bladet frå munnen om andre miljø...

"Indeed, it’s most high profile case, world record holder Yuliva Efimova, was not training inside some locked forbidden pool in Siberia. She was a member of the Trojan Swim Club, part of Dave Salo’s high profile gang of breaststroke superstars out at USC.

...

Of course, this is the same defense that her USC breaststroking counterpart used some years back. Jessica Hardy said the same thing – and lost a lot more for her doping offense, an Olympic berth back in 2008.

...

I’d like to believe that the Trojans are doing everything above board under coach Salo, however, there’s sure been some smoke around certain SC swimmers in recent years. At very least, swimmers like Hardy and Efimova appear to have been woefully naive and under prepared for the responsibilities they face as elite, heavily tested athletes. At worst, well… There’s no evidence of anything more than cluelessness out there, though that has to be a sin in another category."


Heilt uten slagside er bloggen ikkje. Amerikanarane får tvilen til gode, mens russerane ikkje får det. Brasil nevnast ikkje, ei heller andre land - men det er kanskje starten på noko anna - eit større utbrot mot doping innan svømming.

Det er kanskje starta av Michael Jamieson som har brukt Twitter-kontoen sin til å oppfordre andre svømmarar til å snakke ut mot doping i svømming...


 

Nettrunden

Post created 11:07
NM-dronning: Cecilie Waage Johannessen fotografert av Øyvind Thorsen.

Som vanlig har det blitt skrive ein del om svømming i riks- og lokalmedia i forbindelse med NM i svømming. Her er det vi fant med eit raskt søk (veldig like saker/NTB-stoff kun med ein gong):


Stavanger Aftenblad: Rung tok tilbake verdensrekorden
Smaalenenes Avis: Knut Oscar er tilbake etter sykdommen
NRK Sørlandet: Fire gull til Reisænen
Nordlys: Åpnet NM med sølv og ny personlig rekord
Drammens Tidende: Sølvgutten bommet på gullet
Halden Arbeiderblad: To NM-gull til Sverre Næss
NRK: - Skal svømme OL-finale
TV 2: - Utrolig kult å bli sammenlignet med Alexander Dale Oen
Østlands-Posten: Åpnet med NM-bronse
Bergensavisen: Marius satte ny norsk rekord med skade
Midtsiden: NM-bronse
NRK Sørlandet: - Jeg er sulten på flere gull de neste dagene
Østlandets Blad: Follo-svømmerne tapetserte pallen i NM
Bladet Vesterålen: Tror på ny NM-medalje
Haugesunds Avis: Gull, sølv og ny rekord
Dagbladet(NTB): Lavrans Solli tok NM-gull med norsk rekord
NRK: Solli slo rekord eldre enn seg selv
Budstikka: Fire juniorgull på andre dag av NM
Demokraten: Gull som gledet
Dagsavisen: Seks millioner meter til OL
Bladet Vesterålen: Perset på 1500-meteren
Fjordabladet: Dobbelt gull i NM-starten
Halden Arbeiderblad: Fosset inn til NM-gull
Romerikes Blad: Christiansen fortsatte rekordraset
Aftenposten: 17-åring herjet i svømme-NM
Harstad Tidende (NTB): Kongepokaler til Solli og Johannessen
Bladet Vesterålen: 4.plass for Christian
eikernytt.no: Solid innsats og NM-medalje til Stine Lise
Vesterålen Online: Har fått ny inspirasjon
Østlandets Blad: Knallhelg for Schefte
Firda: Var hundredelar frå medalje
Helgeland Arbeiderblad: Endelig ferdig med hardkjøret
Røyken og Hurums Avis: Elise tok fem NM-gull!
Smaalenenes Avis: Comebacket endte i gulljubel for Knut Oscar
Østlands-Posten: Lover enda mer trening i høst
Namdalsavisa: Slo sju år gammel rekord
Nordlys: Ingrid satte sin 24. (!) verdensrekord
NRK Sørlandet: Fornøyd med helgas langbane-NM
Rogalands Avis: Medaljedryss til Madla
Lindesnes Avis: Nærmer seg de beste
Aftenposten: Seiler opp som NM-dronning
Midtsiden: Ariel (15) er noregsmeister


















jul
22
 

Kekäläinen tilbake til Finland

Post created 10:45
NM langbane var det siste SSC-trenar Mika Kekäläinen gjorde i norsk svømming, i alle fall for denne gong.

No reiser "Keppi" tilbake til Finland, der han blir sportssjef i en ny klubb i Tampere UiTa.

Kekäläinen har vore i Vestkantsvømmerne, Skjetten og no seinaste Stavanger Svømme Club før han no vender nasa heimover.

- Eg har hatt ei fin tid i Norge. Veldig hyggelig. Det å vere trenar i Norge er ganske likt det å vere det i Finland. Det er vel det same overalt, seier Kekäläinen.

- Eg er bedre forberedt til min nye jobb no. Jeg tror det å starte i et nytt miljø er svært bra for einkvar trenar. Å trykke på reset-knappen og bli vant til et nytt miljø gjør at en trener må evaluere treningsfilosofien sin.

- Kva er norsk svømmings største fordelar og ulemper?


- Sport og idrettsutøvarar er meir respektert i det norske samfunnet. Norske barn lever også en ganske sunn livsstil (bortsett frå russetida :-)). Ulemper: Eg meiner ungdom avslutter karrieren for tidlig. Nokre endringar i konkurransestrukturen kunne vært nyttig. Et langbane-UM ville vært ein god idé. Norge har hatt suksess med å utvikle dei beste utøvarane, sjølv på seniornivå. Bredda burde ein prøve å holde i sporten lenger.


Simma ønsker Mika lykke til i sin nye jobb.



 

Intervjuer etter NM Langbane

Post created 10:10
Henrik Christiansen tapte kongepokalen på målstreken til Lavrans Solli, men var ikkje bitter for det - spesielt med dei strålande resultata forrige helg, og dei to rekordane han satt i Drammen.

Lavrans Solli satte også to rekorder i Drammen, og er bedre enn nokon gong.

Sjå korleis dei to ser på NM, fortid og framtid i videointervjua Simma-redaktør Sander Englund Smørdal gjorde etter siste dag av NM Langbane. Petter Løvbergs tankar om NM, EM og Ungdoms-OL er også med.

Fotograf er Carl Groth, og deler av intervjua har gått på TV 2 og TV 2 Sportskanalen.




jul
21
 

Bilder fra NM

Post created 11:05
NM på langbane er over etter totalt ti norske seniorrekorder, tretten juniorrekorder, samt tre verdensrekorder og 19 norske rekorder for funksjonshemmede.

Cecilie Waage Johannessen og Lavrans Solli sikra kongepokalane etter å ha dokumentert strålande form ein månad før EM. For sistnevnte blei det for første gong seniorrekord på 200 meter rygg, og første norske rekord på 100 meter rygg sidan før OL i 2012 - det er kjærkoment for norsk svømming, og spanande for det som skjer framover.

Meir oppsummering av NM kan du lese på Norges Svømmeforbunds Stevnesider.

Lambertseter- og Norsk Svømming-fotograf Øyvind Thorsen var som vanleg på plass og har lasta opp bilder på sine fotosider: lsvk.zenfolio.com.

Under ser du eit knippe av Thorsens bilder - det er mange fleire på nettsidene!









jul
19
 

Følg NM - dag tre

Post created 12:19

Via Norges Svømmeforbunds stevnesider.

Dei blir oppdatert av Simmas Sander Smørdal.

Gjenopplev også Lavrans Sollis historiske norske rekord på 200 meter rygg:



jul
18
 

Presisering

Post created 18:27

Etter at vi skrev om Henrik Christiansens klubbskifte ønsker LRK, gjennom sportslig leder Tom Nordlie, å komme med noen presiseringer i henhold til artikkelen publisert på Simma:


– Aller først: Vi ønsker Henrik lykke til og vi er ikke bitre over hans valg. Han er en strålende utøver og han har vært og er fremdeles et stort forbilde for alle i LRK og norsk svømming. Det eneste vi er forundret over, som det korrekt fremkommer i artikkelen, er timingen over når overgangen ble gjennomført.

Fordi anklager om at dette ikke er gjort på en grundig nok måte går på klubbens profesjonalitet og min integritet vil jeg presisere tre punkter:


1, Vi vil poengtere at Dag Christiansen frem til 26. mars satt i Svømmeutvalget i klubben. Selv om han takket nei til å delta i ansettelseskomitèen var Christiansen involvert i lengre møter med meg der vi snakket om de tre kandidatene vi hadde. Da vi landet på Kjeldsen fikk han også tilbudet om å møte ham. Da han ble presentert utsatte vi møtet slik at familien Christiansen kunne være med.


2. B-partitrener Tamas Liptak har vært med på alle intervjuer da vi har ansett det som viktig at de som skal samarbeide så tett har en god kjemi. Det var vesentlig i ansettelsen.


3. Det er ikke normalt at trenere som går av er med i ansettelsesprosessen rundt sin erstatter. Likevel er det slik at Kristian Thorsvald var sammen med den ansette treneren hele den dagen han ble presentert, og at han sammen med Tamas snakket om hvordan klubbfilosofien har vært de siste årene.


Petter Løvberg ga oss ros for den grundige jobben LRK gjorde i søkingen etter en ny hovedtrener. Vi respekterer Henriks valg om å bytte klubb, men vi føler ikke artikkelen reflekterer prosessen på en riktig måte.

Nyhetsarkiv

2014
 - juli
 - juni
 - mai
 - april
 - mars
 - februar
 - januar
2013
 - desember
 - november
 - oktober
 - september
 - august
 - juli
 - juni
 - mai
 - april
 - mars
 - februar
 - januar
2012
 - desember
 - november
 - oktober
 - september
 - august
 - juli
 - juni
 - mai
 - april
 - mars
 - februar
 - januar
2011
 - desember
 - november
 - oktober
 - september
 - august
 - juli
 - juni
 - mai
 - april
 - mars
 - februar
 - januar

annonser
annonser
Stevner
Arena Uddevalla Sim Open - 5.-7. September.

Klikk på logoen for mer informasjon.
Oslo Open Water rundt Tjuvholmen.

Lørdag 23. august 2014.

Klikk på logoen for mer informasjon.
Stavanger Open Water 17.august.

Klikk på logoen for mer informasjon.
Lambertseter Open 2014.

24.10-26.10 i Lambertseter Bad.

Klikk på logoen for mer informasjon.
Treningsleirer
Ledige jobb
Kristiansand SA og Lillesand IL søker trener til fellesprosjekt i 100% stilling.

Klikk på logoen for mer informasjon.

Ligger til 19.august
Sportsklubben Speed søker daglig leder.

Søknadsfrist 01.06

Klikk på logoen for mer informasjon.
OI søker svømmeskoleansvarlig i 70 prosent stilling.

Søknadsfrist 30.juni.

Klikk på logoen for mer informasjon.
Tønsberg SK søker hovedtrener.

Søknadsfrist 30. juni.

Klikk på logoen for mer informasjon.
I denne spalten kan dere reklamere for stevner dere arrangerer, legge inn jobbannonser, reklamere for treningsleirplasser, kurs og konferanser. Send en e-post til simmanorge@gmail.com for å få vite mer.
Laster... Laster...