SE
DK
FI
NO
Navigering: Nyheter

Nyheter

!
Top News
Velkommen til SIMMA - Norge [ Les mer» ]
Terminliste, resultat, rekorder og ranking [ Les mer» ]
jun
28
 

Norsk massemønstring i Calella

Post created 22:21
Sandefjord-trenar Jens Fridorff har sendt oss eit par bilder frå Spania, eit land som han kallar "knutepunktet for norsk svømming på denne tida av året".

Kanskje ikkje så rart med tanke på alle klubbar som legg treningsleirane før NM dit...

Her er eit bilde frå den årlige trenarmiddagen:


Frå venstre: Jens Fridorff (Sandefjord), Stephen Marcus (Kolbotn), Gard Kvale (NTG Bærum), Ada og Per Osland (Trondhjem SLK), Kjetil Andersen (Karasjok), Petter Gramvik (Vågsbygd), Geir Thorstensen (Vågsbygd), Sondre Solberg (Bærumsvømmerne) og Christian Tessner (Bærumsvømmerne).

Lørdag var det konkurranse, ti norske klubber gjennomførte et treningsstevne: Calella Open.

Det blei satt 67 nye (uofisielle perser) - og det er en del fornøyde fjes å sjå:


jun
27
 

European Games siste dag

Post created 10:21


Den norske innsatsen i bassenget i Baku er over. Siste dagen går uten norsk deltagelse i semifinaler og finaler.


Det mest gledelige siste dagen var kanskje at man fikk et stafettlag med et gjeldende resultat.

Dette er de norske resultatene  i formiddag:

50 meter fri gutter:
47. Marius Rødland, 24.18
55. Sigurd Holten Bøen, 24,88

4x100 meter medley gutter:
16. Norge, 3.55,31
Splitter: Rødland 59,51, Steinland 1.05,17, Holten Bøen 56,86, Fløgstad 53,77
jun
26
 

Femteplass og juniorrekord!

Post created 17:38
FOTO: NIF

Marte Løvberg enda på ein imponerande femteplass på 50 meter fri under European Games.


Etter ein liten nedtur i semifinalen på 100 meter fri, då ho mista brillene, har Løvberg berre tatt fyr.

Med gode resultater vekser sjølvtilliten og i dag kulminerte det i ein strålande 50 meter fri - der det til slutt enda med 5. plass! Det var få som hadde spådd det før mesterskapet.

Men det er klart; når du setter personlig rekord med over halvsekundet på sprintdistansen flyttar du deg nærmare internasjonal elite.

Frå 26,55 i Brønshøj i mars, via gode 26,52 i forsøket, strålande 26,08 i semifinalen til 25,92 og norsk juniorrekord i finalen. Det er ei eventyrhistorie. Henriette Brekke hadde den norske juniorrekorden frå før med 25,94.

Ein start i toppklasse no, så er Løvberg virkelig med i dette feltet. Det viser også at det bur meir i 100-meteren enn det ho fekk vist her.

Det er jentene som har levert best i dette mesterskapet, og Ariel Braathen var i ein ny semifinale på 100 meter bryst.

Etter litt anspent svømming i semifinalen enda det med 1.11,99, 12.plass og ikkje vidare avansement. Hadde Braathen svømt på pers eller tida frå forsøket (1.11,43) ville ho kome til finale. Uansett eit godt mesterskap.

Ny pers også for Erik Gidskehaug som med 8.18,21 enda på 15.plass på 800 meter fri.

Ellers blei det tredje norske stafettlaget av tre mulige diskvalifisert i dag... DET er ein klar forbedringsmulighet.

Andre resultat:
200 meter fri gutter:
47. Sigurd Holten Bøen - 1.57,34

100 meter butterfly gutter:
49. Ole-Mikal Fløgstad, 57,99

100 meter bryst gutter:
28. Mads Henry Steinland, 1.04,94

FOTO: NIF
jun
25
 

Baku dag 3

Post created 21:25


Norges første finale i European Games endte med sjuandeplass til Ariel Braathen på 200 meter bryst.


2.34,71 var dessverre eit par sekunder opp frå det ho presterte både i forsøk og semifinale, men utvilsomt god erfaring mot eventuelle komande internasjonale mesterskap.

Maria Astasjkina frå Russland vant øvinga på 2.23,06 - ny juniorverdsrekord. Det er raskare enn Sara Nordenstam svømte på då ho tok OL-bronse i Beijing...

Ei anna norsk jente i finalesekvensen når Marte Løvberg virkelig tar eit langt steg på 200 meter fri.

Med 2,02,85 i semifinalen sette ho personlig rekord med 1,3 sekunder etter at ho hadde tangert sin egen pers med 2.04,14 i forsøket.

Det holdt til 10.plass.

Den norske juniorrekorden er for øvrig 2.01,68 og tilhører Cecilie W. Johannessen. Løvberg har nokre år igjen til å nå den.

Se alle resultater.

Andre norske resultat i dag:
50 meter bryst herrer:

30. Mads Henry Steinland, 29,64
34. Sigurd Holten Bøen, 30,04

Herrelaget på 4x200 meter fri blei diska, etter Erik Gidskehaugs første etappe på 1.53,41.


 

Uttak ungdoms-OL

Post created 13:14
Olympiatoppen har i dag tatt ut 62 utøvere som skal representere Norge under Europeisk ungdomsfestival/ungdoms-OL (EYOF) i Tbilisi.

Disse svømmerne fikk klarsignalet:

Synne Hovden Eidheim, Bergen Svømme- og Livredningsklubb
Astrid Julie Halvorsen, SSK Skjetten Svømming
Malene Rypestøl, Varodd Svømmeklubb
Tomoe Zenimoto Hvas, Bærumssvømmerne
André Klippenberg Grindheim, Karmøy Svømmeklubb
Truls Wigdel, Madla Svømmeklubb

Foto: Øyvind Thorsen
jun
24
 

Finaleklar Ariel

Post created 19:26
Ariel Braathen var offensiv første 50 på 200 meter bryst, og sjølv om ho fekk kjenne det litt samanlikna med dei to beste i heatet haldt ho det godt saman i semifinalen.

Sluttida blei 2.32,82 - 16 hundredeler frå tida hennar i formiddag. Det ga sjetteplass og ein plass i morgondagens finale.

Best i semifinalen, og suveren favoritt, Maria Astasjkina frå Russland.

Her finner du alle resultat


 

Ariel til semifinale

Post created 9:34


Ariel Braathen einaste norske vidare til semifinale på dag to av European Games etter meget imponerande 2.32,66 på 200 meter bryst.


Det er tydelig at treninga på lengre distansar har hjulpe for Braathen, som satte personlig rekord med tre sekunder og hadde den åttande beste tida i forsøket.

Tida er også under årets krav til seniorlandslagets rekruttgruppe.

BSC-svømmaren hadde heile fire britiske jenter foran seg på resultatlista, berre to av dei får svømme semifinalen - så her er finalesjansane gode.

100 meter fri gutter:
21. Marius S. Rødland - 51,32
46. Sigurd H. Bøen - 52,33
55. Ole-Mikal Fløgstad - 53,66

400 meter fri jenter:
19. Marte Løvberg, 4.24,26

200 meter bryst jenter:
8. Ariel Braathen, 2.32,66

1500 meter fri gutter (før siste heat):
7. Erik Gidskehaug - 15.52,85
15. Eivind Bjelland - 16.28,40

jun
23
 

Ottesen overfalt

Post created 22:38


Den danske svømmestjerna Jeanette Ottesen har blitt utsatt for et overfall i København.

Ottesen og svømmarkjærasten Marco Loughran blei overfalt som følge av trafikkraseri, skriver dansk TV 2.

- Eg er djupt sjokkert. Vi blei overfalt midt i København av ein som kjørte bak oss og meinte at eg kjørte for sakte. Han slo Marco fleire gongar i hovudet, og då eg prøvde å forsvare han blei eg sjølv slått over fingrane, seier Ottesen.

Den danske verdensmesteren er rysta, og med ein brukke veslefinger og ein forstua ringfinger sliter ho med å få trent ordentlig. Resultatet er også at ho står over det danske mesterskapet i begynnelsen av juli for å forberede seg til VM i Kazan.

Det er ikkje optimalt, men det er verre for den britiske ryggsvømmaren Loughran.

Han har fått hol i hovudet, fått eit kutt over auget, knukke fleire tenner og har ein øm skulder.

OPPDATERING: Det ser ut som danske medier har vært vel tabloide her.

Ser ut som en fjær ble til ti høns i danske medier... uansett alvorlig!

Posted by Simma Norge on 24. juni 2015


Les også Ekstra Bladet der hendelse beskrivast i detalj.

- Mannen som angrep oss hadde onde auger. Det var som om han berre var ute etter å skade nokon. Så var det tilfeldigvis oss som var tettest på.
 

12, 13 og 15

Post created 22:20
Det blei ein 12., 13. og 15. plass for Norge under dag 1 av European Games (junior-EM).  Ein god start totalt sett, utan den heilt store prikken over i-en.

Størst forventningar til Ariel Braathen på dag en på hennar spesialøving 50 meter bryst. Tre tidelar opp frå pers i semifinalen (32,90) istaden for tre tidelar ned er forskjellen på finaleplass og 13.plass. Uansett bra gjennomført på eit stabilt nivå.

Marius Solaat Rødland er den som har hatt den totalt sett beste dagen, også plasseringsmessig. 12.plass etter 24,51, dagens andre pers. Klart godkjent, og interessant å følge kva som skjer vidare i mesterskapet når øvingar han eigentlig er bedre på kjem.

Den mest imponerande prestasjonen var moglegens Marte Løvbergs 57,0 i forsøket. I semifinalen blei det teknisk svikt når ho mista brillene. Dermed 57,86 og 15.plass. Forsøkstida hadde berre vore 19 hundredelar unna ein finalebillett.

Alle resultater finner du her

Olympiatoppens Halvor Lea og Martin Hafsahl tar bilder undervegs i European Games - dei blir lagt ut på Flickr. Det er mange kule bilder av svømmarane der i dag. Her er eit knippe.

Marte Løvberg mister brillene.

Marius Solaat Rødland før sin semifinale.

Ariel Braathen.

Erik Gidskehaug.

Mads Henry Steinland.


 

Tre til semifinale

Post created 10:30
Tre norske til semifinale på dag en av European Games. Det må kallast ganske god uttelling.

Ariel Braathen gjekk til semifinale på 50 meter bryst med 32,82. Det ga ein 13.plass. Skal det bli finale er det sannsynlig at Braathen må forbedre sin egen norske juniorrekord på 32,61.

Marius Solaat Rødland avanserte på 50 meter butterfly etter personlig rekord med 24,62. Det ga ein 14.plass. Finaleplass trolig rundt 24,3 i kveld.

Marte Løvberg hadde den beste norske plasseringa etter 57,06, pers og 10.plass på 100 meter fri. Finaleplass er definitivt innafor rekkevidde her.

Dei resterande norske presterte stort sett greit, med tider rundt personlig rekord.

Andre norske resultat:
50 butterfly herrer:

27. Sigurd Holten Bøen, 25,14
57. Ole-Mikal Fløgstad, 26,42

400 fri herrer:
23. Erik Årsland Gidskehaug, 3.58,96
31. Eivind Bjelland, 4.01,95

200 bryst herrer:
25. Mads Henry Steinland, 2.21,87

Stafettlaget blei diska på 4x100 meter fri.
jun
22
 

European Games i morgon

Post created 22:35
Gjengen då dei landa i Baku. FOTO: NSF på Facebook.

European Games startar for alvor for norsk del i morgon.

Forsøka startar 06.30 norsk tid - og vi har fleire norske i aksjon. Ariel Braathen svømmer 50 meter bryst - og er brennheit finalekandidat der, og kanskje til og med meir.
Med personlig rekord er ho ikkje langt unna medaljene.

Ole Mikal Fløgstad, Marius Solaat Rødland og Sigurd Holten Bøen svømmer alle 50 meter butterfly. Det er ein sekundær øvelse for alle dei, og må nok mest sjåast på som ein øvelse der dei skal svømme seg i gang.

Marte Løvberg skal ut på 100 meter fri.

Eivind Bjelland  og Erik Gidskehaug svømmer 400 meter fri, begge må forbedre seg kraftig for å ha håp om finale.

Mads Henry Steinland er Norges alibi på 200 meter bryst - ei øving der Norge har gode tradisjonar i juniorsammenheng.

Herrane stiller på 4x100 meter fri - skal vi tippe med desse fire: Solaat Rødland, Holten Bøen, Gidskehaug, Bjelland? Ole Mikal Fløgstad kan også være aktuell her.

Den Tromsø-baserte islendingen Bragi Hallsson svømmer 100 meter rygg.

Du kan følge og sjå stevnet via Baku 2015.

Eit anna alternativ er tv2sumo.no og/eller TV 2 Sport Premium om du har tilgang til det.

 

Delfana søker trener

Post created 22:14
Svømmeklubben Delfana søker B-gjengstrener i 50 % stilling.

Vi søker deg som vil være med i vårt trenerteam, og videreutvikle en av Norges beste svømmeklubber. Du kommer til å ha ansvar for B-gjengen, og vil ha et tett samarbeid med hovedtrener. 

Svømmeklubben Delfana er en fremgangsrik klubb både når det gjelder konkurransesvømming og svømmekurs. Klubben har i dag ca 950 medlemmer fordelt på 150 barn på babysvømming, 650 barn på svømmekurs, samt 150 barn og ungdom som driver med aktiv svømming.

Tiltredelse 15. august.

Obs! Kort søknadsfrist: 30. juni!

Les mer i stillingsannonsen ved å klikke her!

jun
21
 

Santa Clara dag 2

Post created 14:34
Michael Phelps vant 200 meter butterfly på gode 1.57,62 i andre dagen av Santa Clara Pro Swim.

Phelps sa etter løpet at han no endelig hadde gjort jobben til at han kunne like å svømme den tøffe distansen, som ein gong var hans fremste, igjen.

- Eg er veldig fornøgd med det løpet. Eg starta akkurat som eg ønska. Dersom eg skal fortsette å konkurrere på 200 fly må eg fokusere på å få siste halvdel av løpet ned under minuttet, sa Phelps.

Nathan Adrian vant herranes 50 meter fri på 21,97, mens Simone Manuel vant kvinnenes supersprint på 24,75.

Ryan Murphy vant 100 meter rygg (53,85), Cody Miller 200 meter bryst (2.09,71), Giles Smith 50 meter butterfly (23,30) og Michael McBroom 400 meter fri (3.48,51).

På kvinnesida blei det mykje internasjonale vinnarar.

Katinka Hosszu tok 200 meter butterfly (2.09,77) og 100 meter rygg (59,69). Julia Efimova vant 200 meter bryst (2.23,64), Farida Osman frå Egypt vant 50 meter butterfly: 26,08.

Ein skandinavisk seier blei det også. Lotte Friis vant 400 meter fri på 4.07,17.

Ted Robinson og Rowdy Gaines oppsummerar lørdagen:


Nyhetsarkiv

2015
 - juni
 - mai
 - april
 - mars
 - februar
 - januar
2014
 - desember
 - november
 - oktober
 - september
 - august
 - juli
 - juni
 - mai
 - april
 - mars
 - februar
 - januar
2013
 - desember
 - november
 - oktober
 - september
 - august
 - juli
 - juni
 - mai
 - april
 - mars
 - februar
 - januar
2012
 - desember
 - november
 - oktober
 - september
 - august
 - juli
 - juni
 - mai
 - april
 - mars
 - februar
 - januar
2011
 - desember
 - november
 - oktober
 - september
 - august
 - juli
 - juni
 - mai
 - april
 - mars
 - februar
 - januar

annonser
annonser
Stevner
Treningsleirer
Ledige jobb
Delfana søker b-gjengstrener.

Søknadsfrist: 30. juni.
Ski svømmeklubb har to ledige stillinger.

Klikk på logoen for mer informasjon!
I denne spalten kan dere reklamere for stevner dere arrangerer, legge inn jobbannonser, reklamere for treningsleirplasser, kurs og konferanser. Send en e-post til simmanorge@gmail.com for å få vite mer.
Laster... Laster...